
Aktuelle saker
Vi presenterer medlemsbedriftene våre på nettsida med namn, logo og link til bedrifta si eiga nettside. Send oss gjerne din eigen presentasjonstekst og endå fleire bilde.
Sjå korleis andre gjer det her.
- Det gjeld å ta vare på språket og særpreget vårt, sa dagleg leiar Frank Maråk, då han tok imot Målblomen frå Stranda mållag under ei tilskiping i Geiranger 28. september.
Som ein del av programmet sitt på Sunnmøre denne veka, kjem direktør i Språkrådet Åse Wetås på frukostbesøk til Skaparhuset i Ulsteinvik fredag 20. september. Det er Nynorsk bedriftsforum og Ulstein Næringsforum som står bak arrangementet.
Nordfjordkompaniet vart tildelt Nynorsk næringslivspris under eit arrangement på Operahuset Nordfjord 28. august.
Her er heile det nye styret og dagleg leiar samla til sitt første styremøte 5. juni 2024.
Formålet vårt

Vi skal fremje interessene til nynorskbedriftene og tale deira sak i språkpolitiske spørsmål.

Vi skal vere eit nettverk for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling.

Vi skal profilere nynorskbedrifter og bedrifter som tilbyr produkt og tenester på nynorsk.
Medlemskap
i Nynorsk bedriftsforum
-
Bedrifter som oppfyller eitt eller fleire av følgjande kriterium, kan få medlemskap i Nynorsk bedriftsforum:
Marknadsføring, heimesider og anna profilering på norsk er i hovudsak på nynorsk.
Intern og ekstern kommunikasjon på norsk er i hovudsak på nynorsk.
Registrert i offentlege register med nynorsk som språk.
Leverer likeverdige nynorskversjonar av produkt og tenester.
Har ei målsetting om å auke nynorskbruken.
-
Kontingent for 2025
0–1 tilsette: 1 000 kr
2–4 tilsette: 2 000 kr
5–9 tilsette: 3 000 kr
10–19 tilsette: 3 500 kr
20–49 tilsette: 4 000 kr
50–99 tilsette: 5 000 kr
100–249 tilsette: 5 000 kr
250+ tilsette: 5 000 kr
Gåvemedlemskap*
1 000 kr for første medlemsåret
*Tilbod til mållag eller andre som vil gje eitt års medlemskap i gåve. Prisen gjeld første medlemsåret og er lik for alle bedriftskategoriar. Mottakar må fylle kriteria for medlemsskap.
-
Sjølv om nynorsk er eit språk som i seg sjølv er godt eigna som bedriftsspråk, er det i dag dessverre ikkje like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift i Noreg.
Som nynorskbedrift er ein ofte i mindretal, både innanfor sin bransje og sitt geografiske område. Derfor samlar vi no nynorskbedriftene til eit nyttig og solid kontaktnett.
🔷 Synest du det bør vere like enkelt og sjølvsagt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift?
🔷 Vil du dele erfaringar, lære av andre og bygge nettverk med nynorskbedrifter i heile landet?
🔷 Saknar du eit felles talerør som kan tale nynorskbedriftene si sak overfor leverandørar og styresmakter?
🔷 Tilbyr bedrifta di produkt eller tenester som gjer kvardagen enklare for nynorskbedrifter og nynorskbrukarar?
Då bør du melde bedrifta di inn i Nynorsk bedriftsforum.
Alle medlemsbedriftene får tilbod om å presentere seg på nettsidene med tekst, bilde og linkar til eiga nettside, produktsider eller andre aktuelle ressursar. Les meir her.
-
-
Vi vil gjerne at du registrerer bedrifta di med rett næringsgruppe, då dette etterkvart kan vere nyttig for medlemsstatistikken vår.
Vi brukar dei same næringsgruppene som SSB brukar i sine statistikkar.

Last ned informasjonsark (PDF)
Vi presenterer medlemsbedriftene våre på nettsida med namn, logo og link til bedrifta si eiga nettside. Send oss gjerne din eigen presentasjonstekst og endå fleire bilde.
Sjå korleis andre gjer det her.
