Bli medlem i Nynorsk bedriftsforum
🍂 Haustkampanje på medlemskap
Meld bedrifta inn før 20. desember 2026. De betalar berre 50 prosent av ordinær årskontingent no. Medlemskapen gjeld frå innmeldingsdatoen og heilt fram til 31. desember 2027.
Aktuelt
PRESSEMELDING
Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket som arbeider for nynorsk i næringslivet. Nynorsk bedriftsforum samlar erfaringar og kunnskap om nynorsk næringsliv og er talerøyr for nynorskbedriftene overfor styresmakter og leverandørar. Utan støtte står dette arbeidet i fare for å stoppe opp.
KRONIKK
Det burde vere unødvendig å gi avkall på språkleg identitet for å konkurrere i den norske marknaden.
Vi gratulerer medlemsbedriftene våre Ulstein Verft og Myklebust Verft med nominasjonane til Årets Skip.
Då Nynorsk bedriftsforum las Teknologirådet si nye ordliste for kunstig intelligens, etterlyste vi ei nynorsk utgåve av ordlista. Reaksjonen kom raskt. Etter få dagar kunne Teknologirådet opplyse at ordlista no også er publisert på nynorsk.