Eit landsdekkande kontaktnett av og for nynorskbedrifter
Nynorsk bedriftsforum skal arbeide for å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik at det i framtida blir like enkelt og sjølvsagt for norske bedrifter å velje nynorsk – som bokmål eller engelsk.
Monika Haanes Waagan, dagleg leiar og Jan Thormodsæter, styreleiar i Nynorsk bedriftsforum Foto: Nynorsk bedriftsforum
Kvar for seg gjer nynorskbedriftene ein stor innsast for norsk språk og nynorsk skriftkultur, gjennom å bruke og vidareutvikle nynorsken – som fagspråk, bedriftsspråk og marknadsføringsspråk.
Men sjølv om nynorskbedriftene er mange, er vi oftast i mindretal – både innan vårt geografiske område og innanfor vår eigen bransje.
Næringslivet er eit samfunnsområde der nynorsken står under konstant press. Dette gjeld også i område der nynorsken tradisjonelt sett har stått sterkt.
Derfor treng vi Nynorsk bedriftsforum
Mange nynorskbedrifter fortel om ekstra utfordringar, og i mange tilfelle både meirarbeid og ekstra kostnader, knytt til bruken av sitt eige språk i næringslivssamanheng.
Med digitaliseringa av samfunnet opplever mange nynorskbedrifter dessutan no ein type diskriminering, som ikkje fanst for berre nokre få tiår sidan.
Språkkvardagen ute i bedriftene blir i stor grad påverka av utanlandske teknologigigantar, som ikkje tek omsyn til at vi har to likeverdige norske språk i landet vårt. Søkemotorane nedprioriterer nynorske søk og søketreff, og alt for mange leverandørar av språkrelatert teknologi vel å utelate nynorsken frå sine tenestetilbod.
Sjølv om nynorsk er eit språk som i seg sjølv er godt eigna som bedriftsspråk, er det i dag dessverre ikkje like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift i Noreg. Derfor samlar vi no nynorskbedriftene i eit landsdekkande kontaktnett.
Nynorsk bedriftsforum skal arbeide for å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik at det i framtida blir like enkelt og sjølvsagt for norske bedrifter å velje nynorsk som bedriftsspråk – som bokmål eller engelsk.
Bakgrunn og forarbeid
Det første initiativet til å starte eit nettverk for nynorskbedrifter vart teke i mai 2022. Kort tid etterpå, i juni 2022, vart det sett ned ei prosjektgruppe med deltakarar frå næringslivet og Noregs Mållag. Prosjektgruppa gjennomførte ei forundersøking mellom eit trettitals nynorskbedrifter av ulik storleik og i ulike bransjar, for å finne ut om dette nettverket kunne vere liv laga.
Undersøkinga gav oss gjennomgåande positiv respons, og fleirtalet av bedriftene vi kontakta, svara at dei ønskte eller vurderte å melde seg inn og betale medlemsavgift til eit framtidig Nynorsk bedriftsforum.
Forundersøkinga viste samtidig at den språklege kvardagen nynorskbedriftene møter, er svært ulik frå bedrift til bedrift – og frå bransje til bransje.
Oppsummering av forundersøkinga
Nynorskbedriftene verkar å sjå på nynorsken som det naturlege språkvalet for bedrifta si, og mange brukar språket sitt svært medvite i bygginga av bedriftsidentitet og merkevare.
Dei fleste opplever å få berre positive tilbakemeldingar på språkvalet sitt, både frå bokmåls- og nynorskbrukande kundar, frå lokalsamfunna og frå samfunnet elles.
Berre eit fåtal av bedriftene rapporterer om “ingen utfordringar eller problem” knytte til det å vere nynorskbedrift.
Dei fleste bedriftene fortel at dei møter ekstra utfordringar, meirarbeid og ofte har fleire kostnader – samanlikna med bokmålsbedrifter.
Dei fleste bedriftene er positive til opprettinga av Nynorsk bedriftsforum og ønsker eller vurderer å melde seg inn.
Dialog med andre organisasjonar og institusjonar
I kartleggingsfasen har vi vore i dialog med tilgrensande nynorskinstitusjonar og -organisasjonar, mellom anna for å lodde stemninga for initiativet vårt, be om innspel og invitere til framtidig samarbeid, i saker der dette kan bli naturleg.
Mellom desse er Noregs Mållag, LNK, Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk forum og Språkrådet. Dialogen har, utan unnatak, vore positiv og støttande. Vi ser fram til eit godt samarbeid med alle desse i framtida.
Etablering
Nynorsk bedriftsforum vert stifta 15. november 2022 og registrert i Einingsregisteret med organisasjonsforma: "Forening/lag/innretning", altså ei sjølveigande samanslutning av medlemsbedrifter.
Stiftarane er: Akka AS, Nynodata AS, Ulstein Group, Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS), Noregs Mållag og LNK.
Dagleg leiar: Monika Haanes Waagan.
Styreleiar: Jan Thormodsæter (MAFOSS)
Styremedlemmar: Synnøve Kleiven (Ulstein Group), Inger Sundnes (Alti Ørsta), Anders Riise (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (LNK).
Vedtektene til Nynorsk bedriftsforum finn du her.
Vegen vidare
Styret og leiinga si viktigaste oppgåve i tida som kjem, vil vere å utarbeide ein strategiplan for organisasjonen, og sørge for at denne planen vert sett ut i livet.
Det er naturleg at arbeidet vil handle om følgjande:
organisasjonsbygging (som medlemsrekruttering og -kartlegging)
å bygge eit fungerande nettverk for samarbeid og kunnskapsdeling (digitalt og fysisk)
å arbeide med prioriterte saker (som svarar på konkrete utfordringar som medlemsbedriftene våre står over for)
Nynorsk bedriftsforum skal i all hovudsak finansiere den daglege drifta si gjennom bedriftsmedlemskap og medlemspengar. Rekrutteringsarbeidet vil difor vere høgt på prioriteringslista. Vi vil dessutan kartlegge interessa for kjøp av annonseplass på nettstaden vår.
Vi håpar i tillegg å knyte til oss offentlege og private støttespelarar, som ser nytta av å støtte nettverket vårt på kort eller lang sikt.