Kvifor bør du melde inn bedrifta di?

Som nynorskbedrift er det lett å kjenne seg litt åleine. Derfor bygger vi eit solid fundament av medlemsbedrifter og skapar eit kontaktnett som alle kan ha nytte av.

1: Synest du det bør vere like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift?

Nynorsk bedriftsforum skal arbeide for å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene. Vi skal fremje felles interesser og vere eit felles talerør.

2: Vil du dele erfaringar, lære av andre og bygge nettverk med nynorskbedrifter i heile landet?

Dei fleste problem blir enklare å løyse når vi står fleire saman. Nynorsk bedriftsforum skal vere eit nettverk for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling.

3: Tilbyr bedrifta di produkt eller tenester som gjer kvardagen enklare for nynorskbedrifter og nynorskbrukarar?

Nynorsk bedriftsforum kan gjere det enklare for deg som leverandør å nå ut til nye kundar. Vi skal profilere nynorskbedrifter og bedrifter som tilbyr produkt og tenester på nynorsk.

 
Erfaringsdeling

Eit kontaktnett alle kan ha nytte av. (Foto/grafikk: Canva)

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Hadarhus

Next
Next

Eit landsdekkande kontaktnett av og for nynorskbedrifter