Innspel til handlingsplan for norsk fagspråk i akademia

Kunnskapsdepartementet (KD) har i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) varsla ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Nynorsk bedriftsforum har sendt følgande innspel til dette arbeidet:

Illustrasjon: Canva

Innspel frå Nynorsk bedriftsforum

Nynorsk bedriftsforum set pris på at departementet no set i gang arbeidet med ein handlingsplan for norsk fagspråk, og vi deler bekymringane som er skildra i høyringsnotatet. Som eit landsdekkande kontaktnett av og for nynorskbedrifter er vi er særleg opptekne av det som gjeld nynorsk fagspråk.

Nynorsk bedriftsforum vart stifta 15. november 2022. Organisasjonen skal mellom anna arbeide for å fremje interessene til nynorskbedriftene, fungere som eit nettverk for samarbeid og kunnskapsdeling og tale nynorskbedriftene si sak i målpolitiske spørsmål.

1.     Utfordringar og moglege årsaker

Tilgang til forskingsbasert kunnskap

Næringslivet bidreg aktivt i utviklinga av nye og framtidsretta løysingar, produkt og tenester som kjem heile samfunnet til gode. I dette arbeidet er forskingsresultata som vert produserte ved norske UH-institusjonar ei sentral kjelde til ny kunnskap og inspirasjon – både for bedrifter og enkelttilsette.

Språkutviklinga i akademia kan no bygge uheldige språkbarrierar mellom akademia og ålmenta. I tillegg til at dette er eit demokratisk problem, kan slike barrierar hindre at ny forskingsbasert kunnskap når ut til innovatørane, som kan ha bakgrunnen sin frå andre stader enn akademia.

Terminologiutvikling

Som representantar for den nynorske delen av næringslivet er vi særleg uroa over stillinga til det nynorske fagspråket i UH-sektoren. For nynorskbedriftene er det nynorske språket viktig som identitets- og merkevarebyggar. Når mindre enn 10 % av doktoravhandlingane er publiserte på norsk og mindre enn 1 % er på nynorsk, kan vi etter kvart kome dit at vi manglar fagtermar for å bruke språket vårt i det daglege. I mange bransjar blir engelske termar og forkortingar tekne direkte inn i dagleg bruk, utan omsetjing. Dette vatnar ut språket og hindrar utviklinga av nynorsk fagspråk.  

Språkkompetanse og undervisningsspråk

Nynorskbedriftene erfarer at ein stor del av dei som kjem inn som tilsette i bedriftene manglar kompetanse i skriftleg nynorsk. Manglane er størst mellom tilsette med bokmålsbakgrunn, men også tilsette som har hatt nynorsk som hovudmål i grunnskulen, slit med å bruke språket sitt som fagspråk på ein kompetent måte.  

Dette kan truleg forklarast med at mange nynorskbrukarar skiftar skriftspråk i løpet av utdanninga si. Vi veit at pensum, undervisning og gruppeoppgåver anten er på engelsk eller bokmål ved mange utdanningsinstitusjonar. Då skal det stor motivasjon og viljestyrke til for å halde på språket sitt. Følgene er at ein ikkje byggjer opp sin eigen terminologibank med nynorske fagtermar for faget sitt, noko som gjer det vanskeleg å «arbeide på nynorsk» når ein seinare kjem ut i arbeidslivet.  

2.     Framlegg til tiltak

Minimumskrav til publikasjonar

Det må stillast tydelege krav som sikrar at norsk og særleg nynorsk fagspråk blir brukt innan alle fagfelt. Eit minimum kan vere krav til samandrag på nynorsk for alle vitskaplege publikasjonar på bokmål og engelsk (inkludert bachelor-, master- og doktorgradsoppgåver).

Støtte til nynorskstudentar

Studentar som vil skrive oppgåver på nynorsk må få særskild støtte til dette, særleg knytt til bruken av nynorsk fagterminologi.

Pensum

Læremiddelordninga for nynorsk i høgare utdanning må reviderast for å sikre at meir av pensum finst på nynorsk.

Støtte til fagartiklar og populærvitskaplege publikasjonar og oppslagsverk på nynorsk

Det må løne seg for utdanningsinstitusjonar, tidsskrift og kunnskapsbasar å formidle forskingsresultat til ålmenta på nynorsk.

Terminologiarbeid

Det må løne seg for tilsette ved høgskulane å drive terminologiarbeid som del av det vitskaplege arbeidet sitt. Utviklinga av norsk fagterminologi bør gjerast i samarbeid med dei respektive fagmiljøa som skal ta imot studentane etter fullført utdanning.

Støtteordningar for næringslivet                                                                

Ikkje-offentlege verksemder som gjer ein dagleg innsats for å styrke og utvikle nynorsk fagspråk bør lønast for arbeidet sitt. Moglege tiltak:

  • Kompensasjonsordningar for bedrifter som brukar ei viss mengd (til dømes minst 50 %) nynorsk i publikasjonane sine.

  • Kompensasjonsordningar for bedrifter som tek språkleg ansvar for nynorsk fagspråk gjennom eigne språkvedtak.  

  • Tilskot til bedrifter som vil setje i verk interne språktiltak som t.d. nynorske fagspråkprosjekt, bedriftsintern nynorskopplæring eller språklege omstillingsprosjekt.

Sanksjonar til språklova

Ein må kunne sanksjonere mot utdanningsinstitusjonar som bryt språklova.

Digitale hjelpemiddel

Ved innkjøp av språkteknologi og digitale verktøy og ressursar til bruk for studentar og tilsette må ein stille krav til leverandørane om støtte for både nynorsk og bokmål.


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Ein framtidsverkstad for nynorsk

Next
Next

Korleis styrke norsk fagspråk?