Korleis styrke norsk fagspråk?

Nynorsk bedriftsforum samlar i desse dagar inn uttalar frå medlemsbedriftene om norsk fagspråk. Målet er å sende inn eit felles innspel til departementa sitt arbeid med ein ny handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.

Kunnskapsdepartementet (KD) har i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) varsla ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.

No ber dei om innspel frå relevante verksemder og aktørar.

Formålet med den varsla handlingsplanen skal vere å setje i verk tiltak som er kraftfulle nok til å gi ei reell styrking av norsk fagspråk, samtidig som domenetapet for engelsk skal motverkast og etter kvart bli snudd.

Handlingsplanen skal både lansere nye tiltak og samordne eksisterande verkemiddel og bidra til at ansvaret for norsk fagspråk kjem høgare opp på dagsordenen.

Her er spørsmåla departementet stiller:

  1. Kva er utfordringane for norsk fagspråk i akademia, og kva kan vere årsakene til desse?

  2. Kva tiltak kan vere aktuelle for å styrke norsk fagspråk?

  3. Andre innspel.

Skjemaet må fyllast ut innan 25. april for at vi skal rekke fristen for innsending til departementet 28. april.

Departementa ber om innspel frå relevante verksemder og aktørar om norsk fagspråk i akademia (høgare utdanning og forsking) frå relevante verksemder og aktørar. (Ill: Canva)

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Innspel til handlingsplan for norsk fagspråk i akademia

Next
Next

Årsmøte i Nynorsk bedriftsforum