Fryktar følgene av opplæringslova
Fredag 24. mars la kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fram regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov. – Det viser seg dessverre at regjeringa har missa på viktige punkt, så dette held ikkje, seier leiar i Nynorsk bedriftsforum Monika Haanes Waagan.
Sikrar ikkje nynorskelevane like rettar til læremiddel og læringsressursar
– Lovframlegget sikrar ikkje nynorskelevane den same tilgangen på og retten til digitale læremiddel og læringsressursar som dei andre elevane har. Korleis skal dei då kunne forlate skulen som trygge språkbrukarar? spør Waagan.
No er det opp til Stortinget å rette opp feilen, er den klare beskjeden frå Nynorsk bedriftsforum, som er eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter.
Sviktar våre framtidige tilsette
– Først og fremst fortener nynorskelevane betre. I dag handlar dette om barna i skulen, og nynorskelevane fortener betre enn dette. Men om nokre få år vil desse elevane vere mellom våre eigne tilsette. Den nynorske identiteten er viktig for nynorskbedriftene, og no fryktar vi følgene av ei opplæringslov som, utan endringar, sviktar nynorskelevane.
Krev tydelege lovkrav
– Eit sentralt punkt er at nynorskkravet til læremiddel må gjelde alle dei digitale læringsressursane, appane, plattformene og verktøya som er utvikla til bruk i skulen. Dette kan berre sikrast gjennom tydelege lovkrav, hevdar Monika Haanes Waagan.
– Dette held ikkje, seier leiar i Nynorsk bedriftsforum Monika Haanes Waagan.