7 nye medlemmar i februar

Nynorsk bedriftsforum vaks med sju nye medlemsbedrifter i februar. Det vil seie at medlemstalet vårt no er oppe i 21. Vi kunne ønske velkomen vår første medlemsbedrift frå Trøndelag, det kom to nye frå Møre og Romsdal og fire nye frå Vestland fylke.

7 ulike næringsområde

Ved innmelding ber vi bedriftene krysse av for kva næringsgruppe bedrifta høyrer inn under. Næringsgruppene tilsvarar dei 23 ulike næringsgruppene som SSB også brukar i sine statistikkar.

Dei sju nyinnmelde bedriftene denne månaden kom frå sju ulike næringsområde:

  1. Undervisning

  2. Overnatting og servering

  3. Finansiering og forsikring

  4. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting

  5. Industri

  6. Transport og lagring

  7. Informasjon og kommunikasjon

Den første frå Trøndelag

Vi har flest medlemsbedrifter frå Vestland og Møre og Romsdal, og i februar kom det to nye frå Møre og Romsdal og fire nye frå Vestland.

Det var derfor ekstra gledeleg å ønske den første bedrifta frå Trøndelag fylke Capeesh velkomen inn!

Mange ulike storleikar

Bedriftene blir også bedne om å registrere seg i ein av seks storleikskategoriar, frå 1–4 tilsette og opp til fleire enn 250 tilsette.

I februar kom det fire nye bedrifter med 5–9 tilsette, ei bedrift med 20–49, ei med 50–99 og ei med fleire enn 250 tilsette.

Dei nye medlemmane er:

  • Capeesh

  • Hotel Union Geiranger

  • Voss Sparebank

  • Gasta design og kommunikasjon

  • Optima Produkter

  • Fjord1

  • NordvestProfil

Alle medlemmane i Nynorsk bedriftsforum

 

Vi har 21 medlemmar per 1. mars 2023

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Previous
Previous

Fryktar følgene av opplæringslova

Next
Next

Hadarhus